I mars skal klassen til London. For å skaffe pengar til turen har me starta med entreprenørskap.
Entreprenørskap tyder å utforme og iverksette ei bedrift. Vil du lese meir om entreprenørskap kan du gå inn på:
www.sjf.no. Dette er nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og her står det litt om Ungt Entreprenørskap.
Klassen har bestemt seg for å ta på seg oppdrag frå folk og bedrifter som treng nettstader, logoar o.l. Me har delt klassen slik at nokon har hovudansvaret for denne delen av entreprenørskapet. I den gruppa har dei igjen delt inn i økonomiskjef, leiar osv. Når dei får oppdrag kan dei som vil og kan vere med på oppdraget. Prisen blir sett etter storleiken på oppdraget. For å få best respons etter utført arbeid vil me gjere det så profesjonelt som mogeleg. Då vil kanskje kunden anbefale oss til andre og dermed får me litt gratis marknadsføring. Andre måtar å marknadsføre seg på er med plakatar o.l.
Ved sidan av dette har me vaffelsal. Hovudansvaret for vaffelbedrifta har eg, Heidi og Anders. Heidi er leiar, Anders økonomisjef og eg er utstyrsansvarleg. Vaffelsalget blir gjort på Sogningen storsenter kvar torsdag etter skuletid. Me har delt inn i grupper på to og to som skal sitte på Sogningen frå 14.30 til 16.30. Vafflene kostar 15 kr pr vaffel. Men etter det fyrste salget torsdag 23.oktober, har me bestemt oss for at prisen må ned til 10 kr ettersom me fekk mange kommentarar om at prisen var for høg. Her er gruppene for vaffelsalget:
23.10 Siri Ann og Heidi
30.10 Sigrid og Simon
06.11 Andrine og Karoline
13.11 Ola og Elin
20.11 Andrè og Stine Mari
27.11 Margreta og Anders.
Fredag 7. novermber skal klassen på ei messe på Eid. Messa heiter First Lego League og er ei messe der born og unge frå Skandinavia samlast for å konkurrere med programerte legobilar. Til denne turen har me ringt rundt til utallige bedrifter for sponsing. Til no har me fått inn rundt 8000kr trur eg.
Om alle gjer sin del av arbeidet og står på skal me nok komma oss til London :)