onsdag 21. mai 2008


Tysdag 22.mai

FERDIG:D 
I dag blei me heilt ferdige med filmen. Me gjorde siste finish i dag og er veldig nøgde med resultatet.  Eg og Stine Mari lagar presentasjon som me skal ha i morgon.

tirsdag 20. mai 2008

prosjekt til fordjupning.


Mandag 19. mai

I dag fekk me bruke heile dagen til prosjektet. Me redigerte alt ferdig og mangla berra å fryse eit bilete på slutten. Eg og Stine Mari byrja på framføringa me skal ha onsdag. 


Her er eit bilete i frå filminga. Her ligg Inge Kjell i den aller fyrste scena av filmen.

mandag 19. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.

Fredag 16. mai

I dei to fyrste timane i dag hadde me Per Magne Sviggum. Han er grafisk designar og snakka litt om bedrifta si og om korleis det er å vere grafisk designar. Han viste oss arbeid han har gjort og snakka om dei. Det var lærerikt og me fekk eit innblikk i korleis han jobbar. Ikkje alt av det han lærte oss var nytt stoff. Han forklarte også kva og korleis det er å vere art director. Korleis han jobba 

Etter mat gjekk eg, Stine Mari og Karoline ned i redigeringsrommet. Me har hatt litt problemar med lyden men idag fekk me ordna det. Me tok bort dei lydane som var på filmen og fann erstatningar på dataen. Det gjekk fint og me blei kvitt problema våre. Me fann og ut at me skulle ha musikk gjennom nesten heile filmen. Så me fann passande sangar og sette dei inn. No er alt klart, det einaste me treng hjelp til er å fryse filmen. Noko me må spørje Ragnvald om på tysdag. Eller så er filmen heilt ferdig og me er godt nøgde.


Her er link til ein slankereklame eg fann på YouTube. Det var ikkje enkelt å finne ein slankereklame som var noko lunde lik vår, men dette var det eg fann: http:/www.youtube.com/watch?v=PFFkbbbZHv8

tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.


Tysdag 13. mai

I dag hadde me fyrst to timar om foto med Tomas Morel. Det var kjempe kjekt å høyre korleis han jobbar og korleis han har kome so langt som han har. Han er flink. Me var så heldige å få vere med han ned i studioet hans for å sjå korleis han jobba. Han tok nokre bilete av oss. Det var lærerikt. 

Etter mat sette me oss ned for å redigere. Me fiksa lyden pga den hang etter biletet på nokre plassar. Så sette me på sangen me skulle ha; "i feel good" med James Brown i "drømmescena." Så las me inn voiceoveren me skulle ha med i filmen. Det var det Karoline som gjorde. 

Me har endå ikkje fått på plass lyden nokre stadar. Det treng me Ragnvald for å få til. Han var desverre ikkje på skulen i dag, så me satsar på  at han kan hjelpe oss på torsdag. Me har også starta med rapport skrivinga.

mandag 12. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.

Fredag 9. mai

I dag  hadde me fyrst to timar med Albertine om karakterbygging. Det var moro. Etter på gjekk me ned for å redigere. Me jore nokre finjusteringar og fann fram musikk og effektar me skulle bruke. Sidan me har litt problem med at lyden heng etter, må me vente til Ragvald kjem så han kan hjelpe oss med det. Me fekk gjord ganske mykje, og er snart ferdige med filmen vår. Det gjenstår berra musikk og finjustering. Så må me også lage rapport.

Prosjekt til fordjupning.

Onsdag 7. mai

Idag hadde me berre dei to fyrste timane til prosjektet. På dei to timane fekk me alt råmateriale inn på dataen. Etter det såg me gjennom alt og valde ut kva me skulle bruke, for så å sette det i lag. sidan me hadde så liten tid fekk me ikkje tid til å redigere så mykje.

tirsdag 6. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.

Tysdag 06. mai

I dag hadde me Bjørn Bergum på skulen i to timar. Det var moro og lærerikt. Etter dei to timane reiste eg, Stine Mari og Karoline ned på hybelen min og gjorde alt klart til filming. Me rydda og sette på plass og tok bort detaljar. Klokka 15.15 kom Inge Kjell, og var klar som eit egg til å filme. Me kledde han ut og sminka han. Me hadde det kjempe moro og han var veldig engaskjert og flink. Me fann ut at eit godt storyboard er veldig fint å ha. Me sa kva Inge Kjell skulle gjere, og han gjorde det. Veldig fint samarbeid. Me filma alt me skulle filme på hybelen fyrst. Me filma også dei "tynne" scenene fyrst så me slapp å ta av å på kleda. Me sminka han og styla håret hans. Etter me var ferdige me hybel scenane, køyrde me opp på skulen for å filme der. Det gjekk kjapt og fint.

Me brukte ca 2 timar der me jobba effektivt og bra. Inge Kjell er ein flink skodespelar;) 
Me har hatt eit veldig fint gruppearbeid og vore veldig effektive. Alt som gjenstår no er redigeringa. Det håpar me på går fint.

Prosjekt til fordjupning.


Mandag 5. mai

Dei to fyrste timane i dag hadde me Synnøve Astrid. Ho hadde føre seg avis og avisartiklar. Etter det laga me emballasjen til slankeproduktet vårt. Me brukte illustrator til desig og skrift. Etter det skreiv me det ut og limte det på flaska. Me reiste kl 13.00 pga me skulle filme på ettermiddag/kvelden tysdag.