mandag 26. januar 2009

Annonse

Me fekk i oppgåve å lage ein annonse for fjellfilmfestivalen.
Her er min: 


fredag 9. januar 2009

Portefolio del 3




Foto

I haust fekk me ei fotooppgåve. Me skulle lage ein fotocollage med 3-4 bilde, og temaet fekk me velje sjølve. Eg var litt usikker på kva tema eg skulle ha, men falt til slutt på temaet "sorg." Collagen ligg også på flickr.

Fyrst laga meg eit slags storyboard og teikna skisser av bileta mine før eg tok dei. Eg tenkte ut korleis eg skulle redigere dei og kva utsnitt eg skulle ha. Eg visste akuratt korleis bileta skulle sjå ut før eg tok dei. 

Bilde 1: Her fekk eg søstra mi til å vere med. Eg skreiv RIP (rest in peace) på ein stein og fann ei rose. Så plasserte eg ho framfor og knipsa i veg. Eg tok ein del bilete for å vere sikker på å få minst eit bra.

Redigering: Fyrst så brukte eg Crop tool og beskjerte det slik eg ville ha. Etterpå brukte eg quick selection tool og merka rosehovudet. Så gjekk eg inn på image, adjustments og deretter black & white og gjorde alt svart/kvit utanom rosa.

Bilde 2: Her laga eg fotspor i snøen og la rosa ved sidan av. Ettersom snøen reflekterar ein del lys måtte eg skru ned lukkartiden for at bileta ikkje skulle bli for lyse. 

Redigering: Her brukte eg også Crop tool og beskjerte det. Eg gjekk eg inn på image, adjustments og levels for å endra styrken på fargane i helie biletet.

Bilde 3: For å ikkje få forstyrrande element i bakgrunn fann eg meg ein kvit vegg og plasserte lyset framfor.

Redigering: Her har eg gjort det same som i bilde 1. Brukte quick selection tool og merkte flammen. Så gjekk eg inn på image, adjustments og black & wite for å gjere resten svart/kvit. I tillegg gjorde eg det litt mørkare ved hjelp av image, adjustments og levels.

Bilde 4: På dette bilete ser du halve ansiktet til søstera mi. Dropen på kjaken er laga med vatn. Eg plasserte ho i ein halvmørkt rom og tok bilete med blitz.

Redigering: Aller fyst brukte eg crop tool og beskjerte det ein god del. Deretter lærte eg meg ein anna måte å lage svart/kvit bilder på. Eg gjekk inn på image, adjustments, channel mixer og merka av monochrome. Dette ga bildet eit litt mørkare preg.

Dekoren/skrift: Dekoren på sida har eg lasta ned frå denne nettsida. Eg valde å plassere desse her så det ikkje skulle bli så mykje kvit tomrom. Eg brukte lang tid på å finne dei rette motiva. Så forstørra eg dei ein del og sette dei inn. Eg var litt i tvil om kva eg skulle skrive, men fann ut at det var enklast å berre skrive temaet. Her brukte eg fonten "lucida blackletter." Bakgrunnsfarge var noko eg også var innom, men fann ut at det vart best med kvit bakgrunn.


Eiga vurdering: Eg blei ganske nøgd med sluttresultatet. Eg likte bilda og korleis eg valde å plassere dei i forhold til kvarandre. Bildet oppe til venstre er plassert slit at ansiktet "ser" utover resten av bildet. Eg likar spesielt godt bildet nede i høgre hjørne. Min photoshop kompetanse blei styrka gjennom dette prosjektet. Eg lærde meg nokre nye metodar og effektar.


Læreplanmål: 
- Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kamera.

- Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilder, lyd og kompinasjoner av disse i ulike formaterog til ulike medium.

onsdag 7. januar 2009

Portefolio del 2

Avis/tekst.

I vår hadde me eit prosjekt om journalistikk der me skulle skrive ein artikkel for avis. Kva me skulle skrive om fekk me bestemme sjølv. Men det måtte sjølsagt vere relevant og sakleg. Eg ville finne noko lokalt å skrive om og visste med ein gong kva. På riksveg 55 mellom Skjolden og Luster, Gullringen, skal det bli tunnell og reinskingsarbeidet var i gang.

Eg og Heidi gjekk saman for å skrive ein artikkel. Eg skulle skrive hovuddelen og ho ei undersak. Eg ringde rundt til masse forskjellige folk for å få til eit intervju med reinskingsarbeidarane. For å få bilete bestemde me oss for å møte dei i Gullringen. Me møtte opp og fekk til eit godt intervju og tok nokre bilete av dei. Stor del av lokalbefolkinga på Skjolden køyrer forbi Gullringen nesten kvar dag. Difor avtalte me intervju med nokre lokale. Heidi skreiv om lokalbefolkinga i undersaka si, og eg skreiv om sjølve arbeidet med tunnellen.

Me skreiv ferdig kvar vår sak og sette dei saman til slutt. Me tok også ein del bilete og plukka ut dei som passa best. Deretter skreiv me bildetekst til kvart bilete. Pga dårleg lokale blei bilete av Susanne Svardal ikkje så veldig flatterande. Her burde me funne ein betre plass å ta bilete på, men slik blei det berre.

Saka kom på trykk i Sogn Avis kort tid etter me hadde sendt ho inn. Me må seia oss nøgde, sjølv om saka blei litt kort.


Læreplanmål:

- Å kunne uttrykke seg skriftleg i medium og kommunikasjon innebærer å utforme tekstar i ulike sjangrar til bruk i ulike medier. Det innebærer også å kunne skrive eit variert og presist språk.

- Analysere bruk av kjelder innan ulike medier og i eigne produkt, og sjølv utdøve kjeldekritikk.

Her er saka:


Bildetekst:
Bilde 1. Reinskingscrewet i Gullringen. F.v Kjetil Dahl (statens vegvesen), Tommy Gardnes, Even Nyheim og Nina Werpholz (Betong Renovering.)

Bilde 2. Gullringen sett frå andre sida av fjorden.

Bilde 3. Prosjektleiar Susanne Svardal.

Etterlengta tunnelarbeid i gang
Av Siri Ann Skagen

Skjolden/Luster: Tunnel mellom Luster og Skjolden har lenge vore eit omtalt tema. No står endeleg Gullringen for tur, noko som blir sett stor pris på hjå lokalbefolkinga.

Reinskingsarbeid

No på seinsommaren har reinskinga til den nye tunnelen i Gullringen komme i gang. Det skal reinskast store område før alt er klart. Fleire arbeidskledde folk møtte oss i Gullringen. - Jobben føregår for det meste oppe i tau. På det høgaste jobbar me 325 m over bakken, så dette er ikkje ein jobb for folk med høgdeskrekk! seier Tommy Gardnes frå Betong Renovering AS. - Det er alltid risikabelt å jobbe i fjellveggen, men me eliminerar alle farar og har godt med tryggingsytstyr. Det er faktisk tryggare for oss oppe i fjellveggen enn det er for bilistane nede på vegen.

Juli 2010

Arbeidet med tunnelen startar i januar/februar 2009. - Me reknar med at han står ferdig og blir opna i juli året etter, seier prosjektleiar Susanne Svardal. Massane frå Gullringen skal mest truleg fraktast med lastebil og skal brukast til cruisekai på Skjolden. - Dette er eigentleg eit veldig kort prosjek. Det skal ikkje gjerast noko spesielt i endane av tunnelen og han blir berre 1,1 km lang, seier Svardal.

Forskotering

- Grunnen til at det ikkje er gjort noko i Gullringen før er at det er mange dårlege vegar i Sogn og Fjordane som må gjerast noko med, seier Svardal. Luster kommune forskoterar heile prosjektet og det gjer at arbeidet i Gullringen kan byrja så snart. Lokalbefolkninga som må køyra gjennom nærast kvar dag er veldig takksame for at det endeleg blir gjort noko.

Om alt går etter plan, blir det opning av tunnelen i juli 2010. Under reinskinga oppfordrast folk til å ta hensyn til skiltinga og køyre forsiktig forbi Gullringen. Dei dagane det er reinskingsarbeid er vegen open kvar time og når bussane skal gjennom.


   






Portefolio del 1

Me har fått i oppgåve å lage ein portefolio som skal vise 3 av dei beste produkta me har produsert i år. Me måtte presantere produkt innan lyd, bilde og tekst.



Film/lyd

Eg, Sigrid, Heidi og Stine Mari melde oss på ein konurranse på sol.no om å lage ein reklamefilm for deodoranten Axe. Her var ein med i konkurransen om å vinne 25 000 kr samt ein i-pod.

Me byrja idèmyldringa, og hadde mange idèar. Storyen me enda opp med starta som ein spøk, men me bestemde oss for å bruke han. Kort fortalt skulle me filme ein bonde som hadde problem med å samle saman kyr. Men når han spreiar seg med Axe kjem det både kyr og traktor med ei dame i skuffa. Dette for å vise kor stor tilltrekkingskraft Axe har. Etter at historien var klar laga me eit grundig storyboard, noko som er veldig viktig i planlegginga og gjennomføringa av ein film. I storyboardet skreiv me kameravinklar, eventuelle lydar/musikk/replikkar, antal sekund scena skulle vere, skisse av scena og kven som er med. 

Sidar Stine Mari har både gård og kyr passa det bra at me filma der. Me reiste inn til fagre Luster og brukte nokre timar på filming. Ein venn av meg blei med og spelte bonden. Å filme med kyr, og å få dei til å gjere som me ville, var ein utfordring. Men med litt hjelp gjekk det fint. Undervegs i filminga fann me på andre og betre løysningar til kameravinklar o.l enn det me hadde planlagt i storyboardet. Vel attende på skulen skulle me ta fatt på redigeringa. Då me hadde lagra filmen på dataen, såg me at bileta ikkje var så gode som me hadde håpa på. Så for å få til ein skikkeleg film, reiste me inn i Luster igjen og tok nye opptak. Noko endringar måtte gjerast, men dei nye opptaka blei mykje betre.

Redigeringa gjekk fint og me brukte både nye og gamle klipp. Men det me ikkje heilt hadde fått med oss var at reklamen skulle kun vere på 30 seg. Derfor måtte me klyppe ned filmen veldig mykje meir enn det me trudde. Me blei nøgde med resultatet og blei nominert til ein pris på q-film festivalen på Sandane. Me vann ikkje konkurransen på sol.no, men fekk terningkast 4.

Læreplanmål:
- Bruke ulike formar for fortellarteknikk og dramaturgi i eigne tekst-, bilde- og lydproduksjonar og kombinasjonar av disse, og begrunne valga.

- Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjonar i tekst, bilde, lyd og kombinasjonar av disse i ulike formater og ulike medium.