Me har starta bedrifta "Medieverket" som har eiga nettside ute på nettet. Me har hatt ulike oppdrag til no. Bland anna har me filma forestillingar, vore lyd og lys ansvarlege og laga nettsider. No har me fordelt bedrifta vår på 4 greiner; grafisk design, kurs, hendingar og foto. Alle gruppene har ein hovudansvarleg som fordeler oppgåver og rapporterar til dei andre gruppene om kva som skjer.
God organisering og kommunikasjon er veldig viktig. Med så mange ballar i lufta samtidig kan det fort bli litt surr. Derfor har me laga oss ein perm der me legg alle papira. Å ha orden på dei formelle papira er veldig viktig. Ein må oppføre seg profesjonellt og gjere ein grundig jobb for å gjere kundane nøgde. På den måten kan me få litt gratis marknadsføring ved at bedrifter anbefalar oss vidare til andre bedrifter. Samarbeid er sjølvsagt veldig viktig her.
Me har alt fått inn ein del pengar, men treng ein GOD del meir. :) Alle gjer ein veldig god innsats! flinke klassen :)