onsdag 7. januar 2009

Portefolio del 2

Avis/tekst.

I vår hadde me eit prosjekt om journalistikk der me skulle skrive ein artikkel for avis. Kva me skulle skrive om fekk me bestemme sjølv. Men det måtte sjølsagt vere relevant og sakleg. Eg ville finne noko lokalt å skrive om og visste med ein gong kva. På riksveg 55 mellom Skjolden og Luster, Gullringen, skal det bli tunnell og reinskingsarbeidet var i gang.

Eg og Heidi gjekk saman for å skrive ein artikkel. Eg skulle skrive hovuddelen og ho ei undersak. Eg ringde rundt til masse forskjellige folk for å få til eit intervju med reinskingsarbeidarane. For å få bilete bestemde me oss for å møte dei i Gullringen. Me møtte opp og fekk til eit godt intervju og tok nokre bilete av dei. Stor del av lokalbefolkinga på Skjolden køyrer forbi Gullringen nesten kvar dag. Difor avtalte me intervju med nokre lokale. Heidi skreiv om lokalbefolkinga i undersaka si, og eg skreiv om sjølve arbeidet med tunnellen.

Me skreiv ferdig kvar vår sak og sette dei saman til slutt. Me tok også ein del bilete og plukka ut dei som passa best. Deretter skreiv me bildetekst til kvart bilete. Pga dårleg lokale blei bilete av Susanne Svardal ikkje så veldig flatterande. Her burde me funne ein betre plass å ta bilete på, men slik blei det berre.

Saka kom på trykk i Sogn Avis kort tid etter me hadde sendt ho inn. Me må seia oss nøgde, sjølv om saka blei litt kort.


Læreplanmål:

- Å kunne uttrykke seg skriftleg i medium og kommunikasjon innebærer å utforme tekstar i ulike sjangrar til bruk i ulike medier. Det innebærer også å kunne skrive eit variert og presist språk.

- Analysere bruk av kjelder innan ulike medier og i eigne produkt, og sjølv utdøve kjeldekritikk.

Her er saka:


Bildetekst:
Bilde 1. Reinskingscrewet i Gullringen. F.v Kjetil Dahl (statens vegvesen), Tommy Gardnes, Even Nyheim og Nina Werpholz (Betong Renovering.)

Bilde 2. Gullringen sett frå andre sida av fjorden.

Bilde 3. Prosjektleiar Susanne Svardal.

Etterlengta tunnelarbeid i gang
Av Siri Ann Skagen

Skjolden/Luster: Tunnel mellom Luster og Skjolden har lenge vore eit omtalt tema. No står endeleg Gullringen for tur, noko som blir sett stor pris på hjå lokalbefolkinga.

Reinskingsarbeid

No på seinsommaren har reinskinga til den nye tunnelen i Gullringen komme i gang. Det skal reinskast store område før alt er klart. Fleire arbeidskledde folk møtte oss i Gullringen. - Jobben føregår for det meste oppe i tau. På det høgaste jobbar me 325 m over bakken, så dette er ikkje ein jobb for folk med høgdeskrekk! seier Tommy Gardnes frå Betong Renovering AS. - Det er alltid risikabelt å jobbe i fjellveggen, men me eliminerar alle farar og har godt med tryggingsytstyr. Det er faktisk tryggare for oss oppe i fjellveggen enn det er for bilistane nede på vegen.

Juli 2010

Arbeidet med tunnelen startar i januar/februar 2009. - Me reknar med at han står ferdig og blir opna i juli året etter, seier prosjektleiar Susanne Svardal. Massane frå Gullringen skal mest truleg fraktast med lastebil og skal brukast til cruisekai på Skjolden. - Dette er eigentleg eit veldig kort prosjek. Det skal ikkje gjerast noko spesielt i endane av tunnelen og han blir berre 1,1 km lang, seier Svardal.

Forskotering

- Grunnen til at det ikkje er gjort noko i Gullringen før er at det er mange dårlege vegar i Sogn og Fjordane som må gjerast noko med, seier Svardal. Luster kommune forskoterar heile prosjektet og det gjer at arbeidet i Gullringen kan byrja så snart. Lokalbefolkninga som må køyra gjennom nærast kvar dag er veldig takksame for at det endeleg blir gjort noko.

Om alt går etter plan, blir det opning av tunnelen i juli 2010. Under reinskinga oppfordrast folk til å ta hensyn til skiltinga og køyre forsiktig forbi Gullringen. Dei dagane det er reinskingsarbeid er vegen open kvar time og når bussane skal gjennom.


   






Ingen kommentarer: