I dei to fyrste timane i dag hadde me Per Magne Sviggum. Han er grafisk designar og snakka litt om bedrifta si og om korleis det er å vere grafisk designar. Han viste oss arbeid han har gjort og snakka om dei. Det var lærerikt og me fekk eit innblikk i korleis han jobbar. Ikkje alt av det han lærte oss var nytt stoff. Han forklarte også kva og korleis det er å vere art director. Korleis han jobba
Etter mat gjekk eg, Stine Mari og Karoline ned i redigeringsrommet. Me har hatt litt problemar med lyden men idag fekk me ordna det. Me tok bort dei lydane som var på filmen og fann erstatningar på dataen. Det gjekk fint og me blei kvitt problema våre. Me fann og ut at me skulle ha musikk gjennom nesten heile filmen. Så me fann passande sangar og sette dei inn. No er alt klart, det einaste me treng hjelp til er å fryse filmen. Noko me må spørje Ragnvald om på tysdag. Eller så er filmen heilt ferdig og me er godt nøgde.
Her er link til ein slankereklame eg fann på YouTube. Det var ikkje enkelt å finne ein slankereklame som var noko lunde lik vår, men dette var det eg fann: http:/www.youtube.com/watch?v=PFFkbbbZHv8
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar