tirsdag 6. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.

Tysdag 06. mai

I dag hadde me Bjørn Bergum på skulen i to timar. Det var moro og lærerikt. Etter dei to timane reiste eg, Stine Mari og Karoline ned på hybelen min og gjorde alt klart til filming. Me rydda og sette på plass og tok bort detaljar. Klokka 15.15 kom Inge Kjell, og var klar som eit egg til å filme. Me kledde han ut og sminka han. Me hadde det kjempe moro og han var veldig engaskjert og flink. Me fann ut at eit godt storyboard er veldig fint å ha. Me sa kva Inge Kjell skulle gjere, og han gjorde det. Veldig fint samarbeid. Me filma alt me skulle filme på hybelen fyrst. Me filma også dei "tynne" scenene fyrst så me slapp å ta av å på kleda. Me sminka han og styla håret hans. Etter me var ferdige me hybel scenane, køyrde me opp på skulen for å filme der. Det gjekk kjapt og fint.

Me brukte ca 2 timar der me jobba effektivt og bra. Inge Kjell er ein flink skodespelar;) 
Me har hatt eit veldig fint gruppearbeid og vore veldig effektive. Alt som gjenstår no er redigeringa. Det håpar me på går fint.

Ingen kommentarer: