tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til fordjupning.


Tysdag 13. mai

I dag hadde me fyrst to timar om foto med Tomas Morel. Det var kjempe kjekt å høyre korleis han jobbar og korleis han har kome so langt som han har. Han er flink. Me var så heldige å få vere med han ned i studioet hans for å sjå korleis han jobba. Han tok nokre bilete av oss. Det var lærerikt. 

Etter mat sette me oss ned for å redigere. Me fiksa lyden pga den hang etter biletet på nokre plassar. Så sette me på sangen me skulle ha; "i feel good" med James Brown i "drømmescena." Så las me inn voiceoveren me skulle ha med i filmen. Det var det Karoline som gjorde. 

Me har endå ikkje fått på plass lyden nokre stadar. Det treng me Ragnvald for å få til. Han var desverre ikkje på skulen i dag, så me satsar på  at han kan hjelpe oss på torsdag. Me har også starta med rapport skrivinga.

Ingen kommentarer: