mandag 28. april 2008

Prosjekt til fordjupning.

Fredag 25.04.08


I dag laga me eit skikkeleg storyboard. Me brukte eit ark på kvar scene. Under skreiv me handling, kameravinkel, skodespelarane, utsnitt og ca kor lang tid det ville ta. Det blei utruleg fine teikningar av vår  svært så talentfulle Karoline. ;) Me finpussa òg på manuset vårt. Me henta også fram eit læreplanmål me kunne rette oss mot.
Det neste som skal skje er at me skal filme. Me er kome lenger enn me fyrst hadde venta og ligg godt ann til å bli ferdige i tide.

1 kommentar:

Unknown sa...

Kan du legge inn bilder av storybord, og utdrag fra manus? Det hade vært kjekt å se!