fredag 11. april 2008

Utplassering dag 5.



Idag er det siste dagen med utplasseing. Me var hjå Bjørn Bergum i dag også. Då me kom hadde han ein veldig livlig "Aordøl" me seg. Imens han snakka med aordøln såg me gjennom bilda me tok i går. Då han var ferdig gjekk me ut og han viste oss korleis me kunne bruke sollys og skjermar til å få fine bilete. Så reiste han inn og me fekk drive på litt ute på eiga hand. Etter ei stund kom han tilbake og var med oss. Så gjekk me inn og åt. Medan me sat og åt viste han oss fantastisk fine bilete han hadde teke. Etter det sette me oss ned med kvar vår mac og gjekk gjennom bileta frå begge dagane. Bjørn kommenterte og snakka med oss. Han viste oss også nokre enkle triks i photoshop me kunne gjere for at bileta skulle bli betre.

Sjølv om me berra har vore med Bjørn i to dagar, har vertfall eg lært mykje. I hovudsak har eg lært mykje om lysbruk. Bjørn har meir eller mindre snakka uavbrutt i to dagar. Noko som har vore veldig moro og veldig lærerikt! Det er ingen tvil om at viss eg nokon gong vil ha nokre fine bilete, vel eg fotograf Bjørn Bergum. Då får du ikkje berre utruleg fine bilete, men også mange historiar og artige utspel. Ein kjernekar!

1 kommentar:

Unknown sa...

Høres ut som om dere har hatt en fantastisk bra uke! Savner kanskje at du gjengir i mer faglige ordvendinger de erfaringene du har gjort deg, særlig i sammenheng med kompetansemålet du har valgt.