tirsdag 8. april 2008

Utplassering. Dag 2.



Då er dag 2. av utplasseringa her. Eg og Heidi er i fotostudioet på skulen idag og. Utstyret sto oppe klar til bruk ettersom me ikkje tok det ned att i går. Idag hadde Heidi med seg Macrokamera til pappaKvamme. Med det skulle me ta nærbilete av auger og munn. Me starta med å sminke meg. Etter iherdig sminking, som kom noko ut av kontroll, såg eg ut som eit voldtektsoffer. Det var ikkje heilt meininga men det blei nokre ok bilete likevel. Utruleg kva ein kan gjera med litt lys!

Etterpå konsentrerte me oss om auge og munn. Me tok ein del veldig brukbare bilete av auga våre. Med fokuset både her og der blei det veldig fint. Me strødde litt sukker over eine auge til Heidi som gav ein fin effekt. Så med litt vaseline og kakepynt blei munnen min offer for kamera. 

Sukker og liknande har me brukt flittig. Me tok sukker og strødde på leppane til Heidi mens ho hadde "love harts" mellom leppane. Ut av det blei det veldig stilige bilete. Me blei godt nøgde med akuratt dei bileta. 

Me har hatt ein fin og effektiv dag.

Inspirasjon har me henta her.
Me har også sett på Flickr.


1 kommentar:

Unknown sa...

Kan du skrive litt om hvilke fotoinnstillinger dere har brukt? Hva gjøre innstillingene med motivet? Hva med å legge inn noen dokumenterende bilder?

Albertine