mandag 28. april 2008

Porsjekt til fordjupning

Dei neste 4 vekene framover skal me ha prosjekt til fordjupning. Det vil seie at me kan fordjupe oss i eit eller anna tema innan media. Eg valde film. Det same gjorde Karoline og Stine Mari. Det er bra, for å lage film aleine er ikkje enkelt. Difor har me valgt å jobbe i lag om å lage ein reklamefilm. Der skal me reklamere for eit slankemiddel. Me skal vise at produktet faktisk virkar. 

Her er ideen vår:
Me ser ein overvektig og slapp mann som står opp ein morgon. Han har store problem med å komme seg opp og ser seg i speigelen og sukkar. Så kjem han gåande opp ein bakke. Forbi han joggar to velforma og spreke damer. Den eine dama stoppar framfor kamera, held opp slankemiddelet og snakkar om det. Ho tek ein slurk og kastar frå seg den tomme emballasjen og joggar vidare. Den overvektige mannen tek opp emballasjen. Det neste som skjer er at han kjem heim på kjøkkene, set frå seg ein pose og tek opp slankemiddelet han har kjøpt. Så tek han seg ein slurk og kjem inn i sin eigen verden der damene går rundt han. Så kjem han til seg sjølv att. I den siste scena ser me at klokka ringer 06.00 eit par månadar seinare og den tidligare overvektige mannen sprett opp av senga.

Den overvektige mannen skal spelast av godaste Inge Kjell. Dama som snakkar om produktet skal spelast av Karoline. Den eine joggedama er Stine Mari. Damene som går rundt han i drømmen er Hedda og Malene frå almenn.

Ingen kommentarer: