onsdag 9. april 2008

Utplassering dag 3.


Eg og Heidi er fortsatt i fotostudio på skulen. Idag starta me dagen med litt nett. Etterkvart fann me ut at me skulle fortsette å ta leppebilde av Heidi. Men idag la me til litt melis på eine kjaken. Det gjorde at biletet såg litt "kaldare" ut. Det var ein fin effekt. Med fint lys og rett fokus blei det fine bilete. Me tok frå forskjellige vinklar og med forskjellig lys. 

Etter mat dryssa me melis over eine auge mitt. Så eg fekk melis på augevippene og litt under. Det blei det ein fin effekt av. Det hadde kanskje også blitt fine bilete av det hadde kamera villa våre med oss. Men det hadde det altså ingen planar om i dag. Frustrasjonen kom sigande saman med ein del ord som ikkje egnar seg på ein sopass seriøs  og sofistikert blogg som min. (haha.) Me gav oss og konkluderte i at me hadde teke mange nokk brukbare bilete dei to førre dagane. Sidan me skal til Bjørn Bergum i morgon får me sikkert teke nokre bilete der og. Så produkt til framføring har me nokk av i massevis. Resten av dagen idag har gått med på å rydde, ettersom det flaut av alt frå sminke til kakepynt til lyskastarar her. Me har hatt ein ok dag, men gledar oss til å møte Bjørn Bergum i morgon.

1 kommentar:

Unknown sa...

Det hadde vært gøy å få se bildene fra i dag også. Synd kamera streika. Kan du si litt om hvilke kamerainnstillinger dere har brukt, og hva det gjør med bildet? Kanskje du kan vise et par bilder her på bloggen, så vi får sett forskjellen?