mandag 7. april 2008

Veke 15. Utplassering.


Denne veka skal klassen på utplassering. Eg og Heidi har valgt å vere hjå fotograf Bjørn Bergum. Han kunne ikkje ta imot oss før på torsdag, pga oppdrag i Voss. Difor har eg og Heidi reservert fotostudioet på skulen frå mandag til onsdag. Der skal me ta bilete me forskjellig lyssetting og diverse. Idag har me sett på korleis utstyret virkar og me har prøvd å sette det opp. Me har også testa ut litt forskjellig. Me greidde overraskande nokk å sette opp alt utstyret på fyrste forsøk. Så masinga til Ragnvald har gitt resultat. :)

Me sminka oss og brukte kakepynt o.l i ansiktet, før me tok nokre bilete for å prøve. Me brukte lyset og sette det på forskjellige plassar for å få forskjellige effektar. Me fekk ein del brukbare bilete og ein del lite brukbare. Me sette og opp ulike bakgrunnar. Me har brukt dagen i dag til å finne ut korleis ulike ting fungerar og surfa litt på nettet etter inspirasjon. Me har hatt det kjekt og gledar oss til resten av veka med fotografering.

1 kommentar:

Unknown sa...

Høres bra ut!
Kan du legge ut et par lenker av de dere fant mest interessante?

Hvilke innstillinger prøvde dere? Hvilket lysoppsett?

Hvordan ble resultatene?