torsdag 10. april 2008

Utplassering dag 4.


Idag har me vore pao Kjødnes av Bjørn Bergum. Han er ein av dei tøffaste personane eg har møtt på lenge! Han sa det han meinte og spara ikkje på noko. Veldig energisk og engasjert. Me blei godt mottekne og me blei fort husvarme. Dagen starta med at Bjørn snakka om det å ta bilete og andre ting rundt fotografering. Av og til lurer eg på om han gløymte å puste, for han snakka masse! Men han snakka på ein måte og med ein så innlevelse at me fekk med oss det meste. Telefonen ringde x antal gonger og ringetonen blei ein kjend melodi utover dagen. I halv 11 tida måtte han til tannlegen. Då fekk me utfolda oss aleine i studioet hans, der me fekk låne både kamera, lys og andre rekvisittar. Der blei det mange NYDELEGE bilder ut av.

Når han kom tilbake tok me enda fleire bilder med fokus på lysbruk. Han oppmuntra og rettleia oss. Me tok utallige bilder og enda meir. Etter ein liten matpause tok me med oss kamera ut. Der viste han oss kva me kunne gjere med sol og nokre skjermar. Det blei utruleg fine bilete. Alså, lys og bakgrunn blei utruleg fint, modellane er vel so som so. Etter ein liten time ute, kom Leiv, pappan til Bjørn. Så sto me ei stund og snakka om gamle dagar, og korleis kamera og fotografering var før i tida. Han var også veldig facinert av at me er frå Skjolden og Luster. Han var kul. Ikkje kvar dag me ser ein 80- åring meg Gucci solbriller! Før me skulle reise sette me oss ned og snakka om kva me hadde gjort og kva me skulle gjere i morgon. Bjørn Bergum er ein veldig flink fotograf. Det hang diplomar og prisar over alt. Han er også ein veldig humørfylt og snill kar. 

Me har hatt ein kjempe fin dag og gledar oss til i morgon! 

3 kommentarer:

Unknown sa...

Hørtes spennende ut! Fikk dere vist han bildene dere hadde tatt? Hva sa han til de?

Siri Ann sa...

Ja me viste dei til han å han tykte dei var spennande. Så viste han oss nokre macro bilete han hadde teke.

Karoline sa...

kjempe fint bilde av deg=) og elske dei sukker augene, hehe:D